Hopp til hovedinnhold

Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er støtte til nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje har økonomi til å dekkje slike utgifter sjølv. Ordninga gjeld berre saker av spesielt stor personleg og velferdsmessig betydning. I nokon typar saker er det eit vilkår at den som søkjer om fri rettshjelp fyller bestemde inntekts- og formuesgrenser. Det er statsforvaltarane som behandlar enkeltsaker knytt til fri rettshjelp.