sorensenfoto_reserve 14 - konkursr├ądet_cropped_450x364_cropped_443x295

Konkursr├ądet

Konkursrådet er eit statleg forvaltningsorgan med ein rådgivande og rettleiande funksjon

Konkursrådet skal arbeide for ei effektiv, praktisk og resultatorientert insolvensbehandling innanfor ramma av gjeldande lover og forskrifter, og fremje ei harmonisering av praksis. Konkursrådet skal medverke til ei samordna og målretta førebygging av og tiltak mot konkurskriminalitet. 

 

Konkursrådet kan gi uttalar om prinsipielle spørsmål som har med bubehandling å gjere, men tar ikkje stilling til spørsmål i enkeltsaker. Meir informasjon om Konkursrådet sine oppgåver og samansetting finn du på www.konkursradet.no

 

Konkursrådet er fagleg uavhengig av Justis- og beredskapsdepartementet, men departementet fastset mandatet og utnemner medlemmene i rådet. Konkursrådet rapporterer til departementet gjennom årsrapporten til Statens sivilrettsforvaltning. 

 

Statens sivilrettsforvaltning er Konkursrådet sitt sekretariat. Sekretariatet skal mellom anna støtte rådet administrativt og fagleg. 

 

Konkursrådet kan kontaktast gjennom sekretariatet.

Skriv ut