Korleis klage

Har du fått eit vedtak frå Kontoret for valdsoffererstatning som du ønskjer å få overprøvd, kan du innan tre veker etter at du fekk det, sende ei klage. I klaga bør du skrive kva endring du ønskjer i vedtaket. Du bør grunngi kvifor du meiner at vedtaket bør gjerast om. Send klaga til Kontoret for valdsoffererstatning, som anten vil gjere om vedtaket eller  sende saka til klageinstansen.

Det er Erstatningsnemnda for valdsoffer som er klageinstans. Statens sivilrettsforvaltning er sekretariat for nemnda, førebur alle sakene for klagebehandlinga og avgjer 2/ 3 av sakene i medhald av delegasjonsmynde frå nemnda.

Skriv ut