Organisering av verjemålsforvaltninga

Fylkesmannen er etter verjemålslova lokal verjemålsmyndigheit og skal behandle verjemålssaker i første instans. Kvart fylkesmannsembete utgjer eit verjemålsdistrikt. På Svalbard er det Sysselmannen som er lokal verjemålsmyndigheit.

Ved kongeleg resolusjon 4. februar 2011 blei det vedtatt at den sentrale verjemålsmyndigheit skulle leggast til Statens sivilrettsforvaltning. Sentral verjemålsmyndigheit er klageinstans for vedtak frå fylkesmannen etter verjemålslova og fører tilsyn med fylkesmannens utøving av oppdraget som lokal verjemålsmyndigheit (legalitets- og finansielt tilsyn). I tillegg skal sentral verjemålsmyndigheit ha eit overordna ansvar for finansforvaltning, informasjon og opplæring og vere systemeigar for verjemålsapplikasjonen. Verjemålsavdelinga er lokalisert på Hamar som ei eiga avdeling i Statens sivilrettsforvaltning.

Skriv ut