Tilskot for spesielle rettshjelpstiltak

Statens sivilrettsforvaltning har ansvaret for forvaltninga av tilskot for spesielle rettshjelpstiltak.

Tilskot for spesielle rettshjelpstiltak har som føremål å leggje til rette for kostnadseffektive rettshjelpstilbod retta mot særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg.

Øyremerka tilskot

Tildelinga av midlar skjer gjennom øyremerking som blir omtala i Prop. 1 S. Stortinget vedtar den endelege fordelinga. Vi viser til Prop. 1 S (2016-2017) kap. 470, post 72 og Innst. 6 S (2016-2017).

 

Skriv ut