sorensenfoto

Valdsoffererstatning

Dersom du er påført ein personskade som følgje av ei straffbar handling, kan du ha rett på valdsoffererstatning frå staten. Ikkje alle typar straffbare handlingar gir grunnlag for erstatning. Handlinga må etter lova vere eigna til å svekkje livet, helsa og fridommen. Valdshandlingar og seksuelle overgrep er døme på slike handlingar.

Barn som har opplevd vald mot personar som står dei nær, kan tilkjennast valdsoffererstatning når opplevinga er så alvorleg at ho er eigna til å skade barnet.

Ved dødsfall som følgje av straffbar handling kan dei næraste personane til avdøde bli tilkjende valdsoffererstatning. Det gjeld ektefelle, sambuar, barn og foreldre av avdøde. I særlege tilfelle kan også søsken bli tilkjende erstatning.

Reglane for valdsoffererstatning er forskjellige avhengig av tidspunktet for valdshendinga. Både vilkåra for valdsoffererstatning og dei øvre beløpsgrensene kan variere med hendingstidspunktet.

Skriv ut