Fotograf Ingar Sorensen

Verjemål

Verjemål er eit viktig velferdsgode. Det sentrale siktemålet med verjemålsordninga er å sikre at interessene til den det gjeld blir tatt hand om, og at det skjer med respekt for den enkeltes ønskjer og behov. Verjemålslova gir vern for personar som på ulike måtar, og i ulik grad, ikkje er i stand til å ta hand om sine eigne interesser på det økonomiske og/eller det personlege området. Lovgjevinga byggjer på ei viktig forståing av at personar med behov for verje er ei samansett og ueinsarta gruppe. Mandatet til verja skal aldri vere meir inngripande enn behovet for hjelp faktisk er. Det minste inngreps prinsipp dannar derfor eit viktig bakteppe for arbeidet både for verja og verjemålsforvaltninga.

Grunnlaget for kompetansen til verja ligg i det mandatet verja har fått frå fylkesmannen. Oppgåva til verja kan gjelde det økonomiske- og/eller det personlege området. Mandatet angir grensa for dei områda verja lovleg kan representere personen med verje. For barn og unge under 18 år (mindreårige) er funksjonen som verje oftast knytt til foreldra som saman opptrer for å sikre interessene til barnet.

I samband med verjemålsreforma har Statens sivilrettsforvaltning utarbeidd ein portal kor informasjon om verjemål er tilgjengeleg. Gå inn på www.vergemål.no for å lære meir om verjemål.

Har du spørsmål om verjemål, sjå kontaktinformasjon til fylkesmannen som er lokal verjemålsmyndigheit.

Verjemålsavdelinga i Statens sivilrettsforvaltning har kontor i Grønnegata 52 på Hamar.
Vår postadresse er: Postboks 8027 Dep, 0030 Oslo.

Skriv ut