Verjemålsreforma

Stortinget vedtok 26. mars 2010 lov om verjemål (verjemålslova), som erstatta lov av 28. november 1898 om Umyndiggjøring og lov av 22. april 1927 nr. 3 om verjemål for umyndige. Verjemålslova trådde i kraft 1. juli 2013.

Då verjemålslova trådde i kraft blei «Konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne» (Convention on the Rights of Persons with Disabilities, ofte forkorta CRPD) ratifisert. Konvensjonen blei då eit rettsleg bindande menneskerettsinstrument for personar med nedsett funksjonsevne. Konvensjonen blei vedtatt i FN 13. desember 2006, og markerte ei endring i tilnærminga til menneske med nedsett funksjonsevne, frå å bli betrakta som objekt for omsorg, til å bli anerkjent som subjekt med rettar. Noreg underteikna konvensjonen 30. mars 2007, og i Prop. 106 S (2011-2012), gjeve 11. mai 2012, bad regjeringa om samtykke frå Stortinget til å ratifisere konvensjonen så snart den nye verjemålslova trådde i kraft.

Skriv ut