Sivilrettsforvaltninga er klageinstans for valdserstatningsordninga. Det vil seie at det er vi som handsamar og avgjer klager på vedtak som er gjorde av Kontoret for valdsoffererstatning.
Spørsmål, meir informasjon, eller søk om valdserstatning
Klage på vedtak
Viss du vil klage på eit vedtak frå Kontoret for voldsoffererstatning, må du sende klaga di til Kontoret for voldsoffererstatning innan tre veker frå du mottok vedtaket. Dei vil gjere ei ny vurdering av saka i lys av det du skriv i klaga di. Viss dei er usamd i innvendinga di og held fast ved avgjerda si, sender dei saka vidare til Sivilrettsforvaltninga for klagehandsaming.
Ventetid
Når klaga blir send frå Kontoret for voldsoffererstatning til oss, vil du få eit brev som fortel om status og forventa saksbehandlingstid. Du vil få svar frå oss når saka di er ferdig behandla.
Det er ikkje mogleg for oss å seie nøyaktig når saka di blir ferdig handsama. Saksbehandlingstida kan avhenge av ulike faktorar som ressurssituasjonen, omfanget og kompleksiteten til sakene vi har til handsaming. Du kan lese meir om ventetid på sida om ventetid.