Generelt om ordninga
Tilskot til spesielle rettshjelptiltak har som føremål å leggje til rette for kostnadseffektive rettshjelptilbod retta mot særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg.
Ein kan få tilskot til juridisk bistand til personar som er omfatta av målgruppa, og til rettspolitisk arbeid som gjelder målgruppa. Tilskotsordninga er ei open og søknadsbasert ordning, vedteke som forskrift i desember 2020.
Kva kan tilskotet brukast til?
Det kan givast tilskot til både juridisk hjelp og rettspolitisk arbeid.
Det kan givast tilskot til
- drift av organisasjonar som berre driv med rettshjelpsverksemd
- avgrensa prosjekt innanfor rettshjelpsverksemda.
- rettshjelp ved advokatvakt
Det blir ikkje gitt tilskot til
- ordinær drift av advokatvakt (berre rettshjelpa)
- rettshjelp som ikkje er gratis for brukarane
Søk om tilskot
Spesielle rettshjelpstiltak må ha løyve frå Tilsynsrådet for advokatverksemd for å drive rettshjelpsverksemd. Søkjarar som ikkje har motteke tilskot gjennom ordninga tidlegare, må sende inn eit slikt løyve med søknaden. Dette er ikkje naudsynt når du søkjer om tilskot til advokatvakt.
For informasjon om kva søknaden elles skal innehalde, kan du sjå § 6 i forskrifta om tilskot til spesielle rettshjelpstiltak.
Organisasjonar som driv frivillig verksemd kan få tilskot. For opplysningar om korleis frivillig verksemd blir definert, sjå i forskrifta § 2.
Oslo kommune Fri rettshjelp, Pro Sentret og krisesenter i kommunal regi kan òg få tilskot.
Statens sivilrettsforvaltning tildeler tilskot etter ei skjønnsmessig vurdering av i kva grad tiltaket det er søkt om tilskot til, bidreg til å oppfylle formålet med tilskotsordninga.
Tiltak som blir retta mot brukarar med låg inntekt, vil som hovudregel bli prioriterte.
Søkjarar som er registrerte i Frivilligregisteret, vil som hovudregel bli prioriterte.
Tilskotsmidlane blir kunngjorde med atterhald om Stortingets godkjenning.
Søknaden skal innehalde:
- Namn, adresse, organisasjonsnummer, kontonummer, e-postadresse, telefonnummer og kontaktperson.
- Årsmelding, rekneskap og vedtekter
- Informasjon om kvalifikasjonane til søkjaren som er relevante for tiltaket.
- Kva organisasjonen ønskjer å oppnå med tilskotet og forventa resultat.
- Kven tilskotet skal hjelpe, og kva for eit geografisk område det gjeld.
- Ein plan for korleis tiltaket skal gjennomførast, inkludert metodar, samarbeidspartnarar og tidsrammer.
- Eventuelle planar for å føre vidare tiltaket.
- Moglegheiter for samarbeid med andre organisasjonar.
- Budsjett for tiltaket, med forventa talet på saker kostnad per sak.
- Opplysningar om tidlegare tilskot frå Justis- og beredskapsdepartementet eller underliggjande organ, til dømes Statens sivilrettsforvaltning.
- Beløpet det blir søkt om.
- Eigendelen til organisasjonen.
- Beløp som er søkt om eller motteke frå andre offentlege styresmakter eller finansieringskjelder.
- Informasjon om dei eventuelle inntektsgivande aktivitetane i organisasjonen.
I tillegg ber vi om at
- tiltak som heilt eller delvis rettar seg mot innsette i fengsel, opplyser om dette i søknaden.
- søkjarar som fekk tilskot i 2024, opplyser om tiltaket forventar å ha restmidlar per 31. desember 2024 og eventuelt kor mykje.
Du kan sende søknad med vedlegg til post@sivilrett.no og merke e-posten med "Søknad om tilskot til spesielle rettshjelpstiltak". Søknaden må vere signert av leiaren eller generalsekretæren i organisasjonen, eller av ein person med fullmakt.
Tildelingar
Informasjon om tildelinga for 2024 og tidligare år, finn du på tilskudd.no.
Årsrapportering
Tilskotsmottakarane rapporterer årleg i tråd med krav og fristar i tilskotsbreva frå Sivilrettsforvaltninga.
Fristen for å rapportere er 1. april kvart år.