Hopp til hovedinnhold

Om du er utsett for ei alvorleg straffbar handling, kan du ha rett på valdserstatning frå staten. Valdshandlingar og seksuelle overgrep er døme på slike handlingar. Det er Kontoret for voldsoffererstatning som behandlar søknader om valdserstatning. Hjå dei finner du også kravskjema og meir informasjon.

Om du er tilkjent erstatning av domstolen

Om du fra domstolen er tilkjent erstatning etter å ha vore utsatt for vald- eller seksualovergrep (voldserstatningsloven §1), kan du ha rett på å få utbetalt heile eller delar av erstatninga frå staten. Dersom du ønskjer det, må du sende kravskjema om slik utbetaling til Kontoret for valdsoffererstatning før det har gått 6 månader etter rettskraftig dom.

Om straffesaka er henlagt

Er straffesaka henlagt kan du også ha rett på valdserstatning frå staten. Du må da sende inn søknad til Kontoret for voldsoffererstatning før det har gått eitt år etter at straffesaka er avslutta. Søknadsskjema og rettleiing om korleis du søker finner du på http://www.voldsoffererstatning.no.

Om du søkte om erstatning før 1. januar 2023

Om du søkte om erstatning før 1. januar 2023, blir søknaden behandla etter følgjande reglar.

Klage på vedtak

Statens sivilrettsforvaltning er klageorgan for vedtak som Kontoret for voldsoffererstatning har gjort etter voldserstatningsloven, voldsoffererstatningsloven og voldsoffererstatningsforskriften.

Har du fått eit vedtak frå Kontoret for voldsoffererstatning som du ønskjer å få overprøvd, kan du innan tre veker etter at du fekk det, sende ei klage. Send klaga til Kontoret for voldsoffererstatning, som anten vil gjere om vedtaket eller sende saka til oss for behandling.

Advokatutgifter

Dei som ønskjer å få dekt advokatutgifter til søknad om valdserstatning, må kontakte Kontoret for voldsoffererstatning. Kontoret kan vurdere å dekke advokatutgifter til å fremje krav om valdserstatning i saker som er komplekse eller har stort omfang.

Ordninga med fritt rettsråd / fri rettshjelp gjeld ikkje for saker som blir behandla etter loven om valdserstatning. I saker som blir omfatta av tidlegare valdsoffererstatningslov, vil søkjaren framleis kunne ha krav på fritt rettsråd etter rettshjelpslova. Det står meir utdjupa informasjon om dette i rettshjelpsrundskrivet.

Sivilrettsforvaltninga går ut frå at dei omsyna som gjer seg gjeldande for vurderinga av om det skal givast fritt rettsråd etter 1. januar 2023, også kan gjere seg gjeldande for allereie utnemnd bistandsadvokats arbeid med erstatningskravet for valdserstatningsstyresmaktene.

Kontakt

Meir informasjon om ordninga, og svar på spørsmål om valdserstatning kan du få hjå Kontoret for voldsoffererstatning.