Hopp til hovedinnhold

Vanleg fullmakt

Nokre personar har ei ordning der til dømes eitt av barna har fullmakt til å handle mat, betale rekningar, ha kontakt med helsevesenet osv. Denne fullmakta gjeld straks frå det tidspunktet du opprettar ho, men vil ikkje lenger vere gyldig dersom du seinare skulle bli ute av stand til å vareta eigne interesser, til dømes ved demens.

Vedvarande fullmakt

Viss du vil at fullmakta skal halde fram med å gjelde dersom du blir ramma av demens eller alvorleg svekt helse, må fullmakta òg vere ei framtidsfullmakt. Dette heiter ein vedvarande fullmakt. Slike fullmakter må oppfylle krava som følgjer av verjemålslova kapittel 10. Ei vedvarande fullmakt er altså ei fullmakt som først blir brukt som ei vanleg fullmakt, og deretter går over til å fungere som ei framtidsfullmakt.

Det er først når den vedvarande fullmakta ikkje lenger kan nyttast som alminneleg fullmakt, men som framtidsfullmakt, at statsforvaltaren kan stadfeste iverksetjinga.